Om du treng hjelp eller berre nokon å prate med so ta gjerne kontakt.

Dersom du treng hjelp med noko praktisk, eller ynskjer å koma deg ut på tur eller ta ein prat over ein kopp kaffi.

Aldersgruppe: For alle

Det kan væra du treng hjelp med noko praktisk eller berre ynskjer litt selskap. Praktisk hjelp kan handla om hjelp til å slå plenen, måka innkøyrsla om vinteren eller gjera innkjøp. Eller det kan henda du ynskjer å gå tur i lag med nokon eller ta ein kopp kaffi saman med nokon.  Då kan du ta kontakt med oss, og me vil prøva å skaffa ein frivillig som kan hjelpa deg med dette. Kontaktpersonar hjå Frivilligsentralen er Håvard Tveite, tlf. 481 76 859 og                Ranveig Turvoll, tlf. 900 48 351. 

2024 © Vik Frivilligsentral