Velkommen til oss
Alle har noko å gi og mange treng ei hand. Å bidra for andre gjennom frivilleg innsats kan skapa ny meining i livet. Frivillig arbeid gir dobbel glede!
Kan du bidra? Treng du hjelp?
Her kan du varsle Frivilligsentralen om du kan bidra som frivilleg, eller om du treng hjelp. Når du har varsla oss, tek me kontakt så snart me kan.
Aktivitetar
Her finn du litt informasjon om det me driv med på sentralen. Klikk for mer info.
For dei ukrainske flyktningefamiliane i kommunen.
Les merDersom du treng hjelp med noko praktisk, eller ynskjer å koma deg ut på tur eller ta ein prat over ein kopp kaffi.
Les merHei om du kan tenka deg og hjelpe andre med praktise ting som og slå plen eller gå ein tur så meld deg her.
Les merSpråkkafé er ein uformell møteplass for alle som vil læra å snakka betre norsk over ein kopp kaffi/te. Føremålet er at dei som ynskjer det får meir språktrening, blir betre kjend med lokalsamfunnet og kan skape seg eit nettverk. Du er hjarteleg velkommen til å vere med; antan du vil lære meir norsk eller bidra som frivillig!
Les merFriluftsliv tilrettelagt for funksjonshemma - FTU
I januar 25 starta tilrettelagt friluftsliv for funksjonshemma opp i Vik. Det er samling ein ettermiddag/kveld omlag 8 gonger pr. år. På samlingane gjer me ein aktivitet i lag og det blir det alltid ei matstund. FTU er ei satsing for å inkludera fleire personar med funksjonsnedsettingar til friluftslivet. Målet er å gi tilbod om gode friluftsopplevingar der alle kan delta på ulike aktivitetar og vera ein del av eit sosialt miljø. Sogn og Fjordane Turlag har ytt midlar til tiltaket. Tilbodet er gratis for alle deltakarar.
FTU Vik er eit samarbeidsprosjekt mellom NFU Sogndal og Vik (Norsk forbund for funksjonshemma), Vik Turlag og frivilligsentralen. Med på laget er også elevar ved Flatbygdi og Feios skular som har valfaget Innsats for andre. Ved å bidra på FTU-samlingane får elevane erfaring i å samhandle med menneske som har ulike funksjonsnedsettingar.
FTU-samlingane vil halda til på ulike stadar sentralt i Vik. Du får informasjon om dette og svar på eventuelt andre spørsmål ved å kontakte frivilligsentralen er Håvard Tveite - tlf. 404 75 603.
Datoar for samlingar 1. halvår 2025 er: torsdag 23. januar, torsdag 27. februar, torsdag 3. april og torsdag 22. mai - kl. 18.00-20.00.
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Ingen kommende hendelser |
Nyhende
Om oss
Ta kontakt eller kom innom for en prat dersom du ynskjer å bli frivilleg, eller det er noko du treng hjelp til. Me hald til i FUS-lokalet i Sentrumsgata.