Hobbykveldar

For dei ukrainske flyktningefamiliane i kommunen.

Aldersgruppe: For alle

Kvar 14. dag arrangerar Frivilligsentralen hobbykveldar for dei ukrainske flyktningefamiliane i kommunen. Frivilligsentralen samarbeidar med NAV flyktningeteneste ved Monika Polbratekog det er elles med frivillige hjelparar. Born og vaksne får eit avbrekk i kvardagen, og kan fordjupa seg i teikning, måling og andre formingsaktivitetar. For ikkje å gløyma er det sosialt og me kosar oss med vafler, saft og kaffi/te. Dersom du ynskjer å vera frivillig på hobbykveldane kan du ta kontakt med Ranveig Turvoll på tlf. 900 48 351.

 

2024 © Vik Frivilligsentral