språkkafé

Biblioteket har i samarbeid med Vik frivilligsentral invitert til språkkafé. Me hadde årets første språkkafé tysdag kveld på biblioteket. Det var godt oppmøte og god stemning rundt borda, og praten gjekk lett over ein kopp med kaffi eller te. Med enkeltord på norsk, spedd med handbevegelsar, smil og latter er det enkelt å forstå kvarandre.

Språkkaféen er eit tilbod til dei som vil praktisera norsk. Å lære eit språk munnleg, krev mengdetrening. Vårt viktigaste bidrag er at me kan gje dei betre forståing for norske forhold og for lokalmiljøet vårt. Deltakarane lærer av kvarandre, og mykje informasjon blir utveksla. Vår oppgåve er både å utfordra og oppmuntra. Språkkaféen blir på den måten viktig for integreringa i kommunen.

 

Dei som kjem er ofte heilt aleine i eit nytt land. Vik er ein liten kommune, så språkkaféen vil gi dei høve til å vere sosiale, finne vener og møte eit menneske som smiler til dei! 

 

Stor takk til Kirsti, Monika og Wenche som stilte opp som frivillig tysdag kveld. Me er heilt avhengig av frivillige for at kvelden skal bli vellukka, så de er gull verdt!

  

Ønskjer du å bli betre kjent med nye menneske og nye kulturar, så er du hjarteleg velkomen til å vere med. Alle frivillige kan melde sin interesse til:

 

Mona Svendsen tlf.nr. 924 52 063 eller Ranveig Turvoll tlf.nr. 900 49 351.

 

Det vert språkkafé tysdagane 7. og 14. mai kl. 1800 – 2000 på biblioteket. 

 

Opent for alle og gratis inngang.

 

2024 © Vik Frivilligsentral