siste språkkafeén for i vår

Den siste språkkaféen for i vår var den 14.mai. me begynnar opp at med språkkafé i september

Tysdag 14. mai hadde me siste språkkaféen i vår. No vert det ein pause fram til me startar opp att i september. Det vil då bli språkkafé annankvar tysdagskveld på biblioteket. Språkkaféen er ein uformell møteplass for tilflyttarar og lokalbefolkningen, der me får høve til å bli kjende med andre kulturar og møte nye menneske. Og ikkje minst får tilflyttarar høve til å læra meir norsk i trygge og trivelege omgjevnadar. Til språkkaféen kan ein komme dei kveldane ein har tid og lyst 😊  

 

Dersom du lurer på noko. må du gjerne ta kontakt med Mona Svendsen ( 924 52 063) eller Ranveig Turvoll (900 48 351).  



2024 © Vik Frivilligsentral