Ønskjer Frivillige

Hei, me i Vik frivilligsentral ønskjer fleire frivillige.

Kan du tenkja deg å bli frivillig? Det vil sei å vera til glede og hjelp for nokon som treng det – og sjølv oppleva gleda av å hjelpa andre.

Dersom du tenkjer tja eller ja – ynskjer frivilligsentralen at du tek kontakt! So kan me snakka om kva du ynskjer å hjelpa med og kor mykje/ofte. Det kan dreia seg om praktisk hjelp som t.d. matinnkjøp og snømåking eller det kan vere å ta ein kaffikopp og ein prat med nokon som treng det/er mykje åleine.

For å snakke meir om dette kan du du kan ringja Ranveig Turvoll på 900 48 351 (mandagar, tysdagar og torsdagar) eller ta kontakt på ranveig.turvoll@vik.kommune.no.

 

2024 © Vik Frivilligsentral